| | | | |
|
1. | Olav N. 1639-1668 |
Olav Torbjørnson Vistad 4b (1604-Sk.1668) var gift med Birgit Jonsdtr Berdal frå Vinje og budde med henne på Berdal frå ikring 1625 til far hans døydde. Etter eit par år dela han garden med broren Tjøstov Torbjørnson. Olav fekk den nordre parten. Olav var kyrkjeverje i Mo 1655 til 1657 og måtte i 1660 bøta 42 rd for at garden ikkje hadde betala skatt. Han stemna Torgrim Vistad og Olav Døli som hadde bruka garden med han. Såleis vart dei dømde til å betala 14 rd kvar.
Det vart halde skifte på N.Vistad etter Olav Torbjørnson i 1668. Kona var og død. Eiga var 1½ tnK i garden med bygsel over 3 tnK, dei må då ha løyst ut medarvingane hans.
|
|
English translation
Olav Torbjørnson Vistad 4b (1604-Sk.1668) was married to Birgit Jonsdtr Berdal from Vinje and lived with her at Berdal from around 1625 until his father died. After a couple years he shared the farm with his brother Tjøstov Torbjørnson. Olav got the northern part. Olav was a church warden in Mo from 1655 to 1657 and had to pay 42 rd in 1660 because that farm had not paid taxes. He sued Torgrim Vistad and Olav Døli who had used the farm with him. Accordingly they were fined 14 rd each.
Probate was held at N.Vistad after Olav Torbjørnson died in 1668. His wife was also deceased. The ownership was 1½ tnK in the farm with a lease over 3 tnK, they must have then bought out his coheirs.
|
|
| Born:
|
| a. | Gjermund | 1648-Sk.1697 |
N.Vistad 2 |
| b. | Birgit | |
Gm Olav Sveinson Åslandsbakken 2 |
| c. | Ingebjørg | |
Gm Åsmund Jonson S.Loftsgarden 2 |
|
2. | Gjermund N. 1693-1696 |
Gjermund Olavson N.Vistad 1a (1648-Sk.1697) fekk samla mykje av jordegodset i Vistad medan han levde. Utanom skiftet etter foreldra må han ha fått jord i Berdal, for han makeskifta ½ tnK i Søndre Berdal og 130 rd til Torgrim Olavson Vistad i 1674 og fekk 1½ tnK i S.Vistad att. Året etter måtte han pantsetja 2½ kvart tnK av dette for 50 rd.
Kona til Gjermund var Signe Tarjeisdtr frå Moghus i Fyresdal. Det vart halde skifte etter henne i 1676 på N.Vistad. Buet åtte 3 tn ½ kvart tnK i Vistad og 5 notK skyldgods i Lauvvik. Her var og verde for 168 rd å dela mellom døtrene. Gjermund Vistad og Gunnar Seltveit vart stemna i 1677 av Tomas Jonson Somer for landskyld i 6 år av 1 tnK i Vistad. Han hadde pant i garden frå Torbjørn Seltveit. Gjermund måtte betala resterande landskyld og jolemark med omkostningar. Det vart 15 rd. Same året fekk han kontrakt med borgarmeister Anders Andersson om sagtømmer frå skogen.
Gjermund gifte seg andre gongen med Ingebjørg Steinarsdtr Fjågesund 17 (1661-1740) frå Kviteseid. Det verkar som om dei hogg flittig i skogen, for velstanden var solid då det vart halde skifte etter Gjermund i 1697. Her var odelsgods i N.Vistad (3 tnK), S.Vistad (1 og 1 kvart tn 5 notK), Homleid i Tørdal (1½ tnK) og N.Lauvvik (5 notK). Dei bruka søndre og nordre Vistad i lag. Her var sylv for ikring 35 rd og 2 bøker. Heile 514 rd vart verdet av lausøyre og krav.
|
|
English translation
Gjermund Olavson N.Vistad 1a (1648-Sk.1697) managed to assemble much of the land property in Vistad during his lifetime. In addition to his share of the inheritance after his parents died, he may have gotten land in Berdal, for he traded ½ tnK in Søndre Berdal and 130 rd to Torgrim Olavson Vistad in 1674 and got back 1½ tnK in S.Vistad. The next year he had to mortgage 2½ quarter tnK of this for 50 rd.
Wife of Gjermund was Signe Tarjeisdtr from Moghus in Fyresdal. Probate was held after she died in 1676 at N.Vistad. The estate had 3 tn ½ quarter tnK in Vistad and 5 notK skyldgods in Lauvvik. There was also worth of 168 rd to divide between the daughters. Gjermund Vistad and Gunnar Seltveit were sued in 1677 by Tomas Jonson Somer for rent for 6 years of 1 tnK in Vistad. He had a mortgage on the farm from Torbjørn Seltveit. Gjermund had to pay overdue property taxes and jolemark with expenses. That was 15 rd. The same year he got a contract with mayor Anders Andersson concerning sawtimber from the forest.
Gjermund married the second time to Ingebjørg Steinarsdtr Fjågesund 17 (1661-1740) from Kviteseid. It seems as if they chopped diligently in the woods, for the wealth was substantial when the probate was held after Gjermund died in 1697. There was allodial property in N.Vistad (3 tnK), S.Vistad (1 and 1 quarter tn 5 notK), Homleid in Tørdal (1½ tnK) and N.Lauvvik (5 notK). They used southern and northern Vistad jointly. There was silver of about 35 rd and 2 books. In total 514 rd was the value of personal property and rights.
|
|
| Born:
|
| 1.a. | Birgit |
-Sk.1694 |
Gm Tarjei Gunnarson Døli 14 |
| b. | Signe |
|
Død før 1697 |
| 2.c. | Olav |
1684-Sk.1753 |
N.Vistad 5 |
| d. | Steinar |
1690-1766 |
Vistadhaugen 5 |
| e. | Signe |
|
Gm 1: Olav Torjuson Gåstjønn 7
Gm 2: Jon Halvorson Berdal |
| f. | Åsne |
-Sk.1712 |
Gm Halvor Aslakson Lognvik i Rauland |
| g. |
Birgit |
1692-1779 |
Gm Talleiv Halvorson
Skafså 12 |
|
3. 4. | Ingebjørg
N. 1697-1699
Karl
N. 1700-1705 |
Enkja Ingebjørg Steinarsdtr hadde garden ei tid etter mannen døydde, ho bruka 4 og 2½ kvart tnK i 1698. Ikring hundreårskiftet gifte ho seg med Karl Torjuson Jordet 9 i Skafså. Han hadde bruka Ø.Åmli 15 då dei gifte seg, men kom nå inn på N.Vistad. I 1705 stemna Karl Vistad inn Åsmund Groven til tinget for landskyld av 5 mK i Groven i 6 år. Groven var ein part av arven til Karl. Ikring 1706 flytte dei til Jordet og eldste sonen til ho Ingebjørg, Olav Gjermundson N.Vistad 2c (1684-Sk.1753), tok over.
|
|
English translation
The widow Ingebjørg Steinarsdtr had the farm for a time after her husband died, she used 4 and 2½ quarter tnK in 1698. Around the centennial anniversary she married Karl Torjuson Jordet 9 at Skafså. He had been using Ø.Åmli 15 when they married, but then came to N.Vistad. In 1705 Karl Vistad summoned Åsmund Groven into the court for rent of 5 mK in Groven for 6 år. Groven was a part of Karl's inheritance. Around 1706 they moved to Jordet and Ingebjørg's oldest son, Olav Gjermundson N.Vistad 2c (1684-Sk.1753), took over.
|
|
|