| | | | |
|
|
|
Nordaust for Valebjørg, ned til Fyresvatn, finn me Momrak. Me har og teke Napegardane med i same grenda. Dei ligg ved Napevatn inne på heia austover mot Nissedal.
|
|
English translation
Northeast of Valebjørg, down to Fyresvatn, we find Momrak. We also have included the Nape farms within the same group of farms. They lie by Napevatn on the hill to the east towards Nissedal.
|
|
|
2. |
Kjetil N. 1574-1590 1602-1604 |
Garden er vidare ikkje kjend før i 1540. Då gav Tarjei Såvison garden Momrak, verdsett til 16 mark gull, til brørne Gunnar og Gunstein Aslaksøner avdi han var komen i skade for å gje far deira eit sår. Truleg var det eit drap. Desse brørne var frå Austad i Bygland. I 1559 bytte dei bort Momrak med Lislemomrak og fekk att Lauvdal i Bygland frå Olav Talleivson. Denne Olav må ha vore han som budde på Valebjørg. Det var sonen Kjetil Olavson som arva Momrak. Nok eit brev nemner Gunnar og Gunstein Aslaksøner på Austad. I 1567 fekk dei N.Lauvdal i Bygland frå Talleiv Tarjeison Y.Ramse i staden for Momrak. Desse to breva er nesten like. Olav Talleivson må ha arva Lauvdal frå verfaren, Talleiv Ramse.
Kjetil var ein velhavande mann og er nokre år nemnd som lensmann i Fyresdal. Han er kjend frå eit skøyte frå 1570 då han kjøpte 4 markebol jord i Håtveit i Nissedal frå Juri Skomedal og Orm Ormson. I 1575 kjøpte han nye 4 markebol i Håtveit frå Gunner Talleivson. Sonen Jørund Kjetilson måtte seinare betale eit tillegg på 51 rd til arvingane etter Gunnar.
|
|
English translation
The farm is not well known before 1540. Then Tarjei Såvison gave the farm Momrak, assessed for 16 mark gull, to the brothers Gunnar and Gunstein Aslakson because he had the misfortune of harming their father. It was probably murder. These brothers were from Austad in Bygland. In 1559 they traded away Momrak with Lislemomrak and got back Lauvdal in Bygland from Olav Talleivson. This Olav may have been he who lived at Valebjørg. It was his son Kjetil Olavson who inherited Momrak. A document mentions Gunnar and Gunstein Aslaksøner of Austad. In 1567 they got N.Lauvdal in Bygland from Talleiv Tarjeison Y.Ramse in place of Momrak. These two documents are almost identical. Olav Talleivson may have inherited Lauvdal from his father-in-law, Talleiv Ramse.
Kjetil was a well-to-do man and is some years mentioned as lensmann [sheriff] in Fyresdal. He is known from a deed from 1570 when he bought 4 markebol land at Håtveit in Nissedal from Juri Skomedal and Orm Ormson. In 1575 he bought 4 new markebol at Håtveit from Gunner Talleivson. Later, his son Jørund Kjetilson had to pay a surcharge of 51 rd to the heirs after Gunnar died.
|
|
| Kjetil Olavson
Valebjørg 6b?
Gm Astrid Tjøstovsdtr Oland, Gjøvdal Lensmann. |
|
| Born:
|
| a. | Ånund | -Sk.1668 |
Momrak 6 |
| b. | Jørund | |
N.Håtveit, Nissedal. Flekstveit, Lårdal? |
| c. | ?Gunhild ?Halvor | |
Momrak 3a Momrak |
| d. | ?Dtr | |
Gm Nils Songedal 8 |
|
|
6. | Ånund N. 1609-1640
|
I 1603 finn me ei Sissel på Momrak. Ho var stor jordeigar med 2 tn 1 mK i garden forutan 2 tnK i Aslestad og ½ tnK i "Flodden" (Floten i Mannås?). For det betalte ho 4½ ort 4 skilling i odelsskatt. Same året hadde Gunleik Graver og 1 tnK i Momrak. Den som tok over garden heitte Ånund Kjetilson. Frå 1611 er han skriven som odelsbonde i skattelistene. Det året åtte han 1 tnK i Momrak, 1 tnK i Hærstad, ½ tnK i Tortveit, ½ tnK Songedalstveiten, 4 mK i Håtveit, 4 mK i Oppsund og 1 mK i Lie. Av dette var berre Lie og Momrak odel. Med tida auka Ånund dette jordegodset til nærare 7 tnK, så han klara seg vel.
Det var berre ein mindre part Ånund hadde av heile garden. I 1615 var Gunleik Graver, Talleiv Lundehall og Jørund Flekstveit medeigarar med kvar si tunne korn i garden. Nils Skattør hadde ½ tnK. Om lag dei same åtte i 1624, men Gunnuv Graver hadde arva faren, og Nils var komen til Songedal. Eiget var då berre ½ tnK på kvar. Gunhild Spokkeli hadde og ei halvtunne av jorda. Det var halde skifte etter Ånund så seint som i 1668. Kona var Torbjørg Gunleiksdtr, og dei hadde 2 tnK i Momrak, 2 tnK i Songedal, 1 tnK i Lie i Veum og ½ tnK i Håtveit i Nissedal.
|
|
English translation
In 1603 we find a Sissel at Momrak. She was a major land owner with 2 tn 1 mK at the farmer in addition to 2 tnK at Aslestad and ½ tnK at "Flodden" (Floten i Mannås?). For that she paid 4½ ort [1/5 spesiedaler] 4 skilling [1/120 spesiedaler] in allodial tax. The same years Gunleik Graver also had 1 tnK at Momrak. Ånund Kjetilson took over the farm. From 1611 he is listed as the freeholder on the tax rolls. That year he had 1 tnK at Momrak, 1 tnK at Hærstad, ½ tnK at Tortveit, ½ tnK Songedalstveiten, 4 mK at Håtveit, 4 mK at Oppsund and 1 mK at Lie. Of these only Lie and Momrak were allodial property. In time Ånund grew this land property to nearly 7 tnK, so he got along fine.
Ånund had only a small part of the whole farm. In 1615 Gunleik Graver, Talleiv Lundehall and Jørund Flekstveit were joint owners with their own tunne [tunne = about 1 acre] wheat at the farm. Nils Skattør had ½ tnK. The group owned about the same in 1624, but Gunnuv Graver had his father's inheritance, and Nils was living at Songedal. His ownership was then only ½ tnK at each. Gunhild Spokkeli also had a half tunne of land. Probate was held after Ånund died, as late as 1668. His wife was Torbjørg Gunleiksdtr, and she had 2 tnK at Momrak, 2 tnK at Songedal, 1 tnK at Lie in Veum and ½ tnK at Håtveit in Nissedal.
|
|
| Ånund Kjetilson
Momrak 2a (-Sk.1688)
Gm Torbjørg Gunleiksdtr Hærstad 1d
|
|
| Born:
|
| a. | Kjetil | |
S.Momrak 1 |
| b. | Olav | |
Songedal 10, S.Momrak 3 |
| c. | Tjøstov | |
Nordigard Vinje, Vinje |
| d. | Astrid | |
Gm Ånund Kjetilson Jordal 8 |
| e. | Tone | |
Gm 1: Em.Olav Torjusson Jordet 5, Skafså
Gm 2: Talleiv Jordet 6, Skafså
Gm 3: Herjus Ånison Grimdalen 4 |
|
|