| | | | |
|
|
3. | Kjetil N. 1583-1636 |
Kjetil Eivindson Aslestad kom til Bilstad i 1583 etter makeskifte med Halvor Herjusson. Han var sjølv frå Bilstad 1 og kanskje verbror til Halvor. Kjetil er nemnd lensmann i Fyresdal 1593 og 1594 og var mykje bruka som lagrettemann. Alt i 1603 hadde han jord i Bilstad, Kolkjøn, Bondal, Grimdalen, Fjalestad, Lauvvik, Seltveit og Dall. Han betala over 4 rd i skatt for desse 14½ tn 8 Mk. I 1611 hadde han berre Bilstad, Fjalestad, Dall og Lauvvik, 6 tn 5 mK. Odelsjordeboka 1624 syner 3 tnK i Bilstad, 3 tnK i N.Bondal, 1 tn 2 mK i Lauvvik og 4 mK i Dall, alt var odel. Kona til Kjetil var kanskje frå Rygnestad i Valle. Son deira, Eivind, skreiv i 1649 eit dokument saman med Folke, Knut, Olav og Gunnar Olavsøner på Brottetveit om deira «foreldre» Tarjei Rygnestad og Olav Brottetveit. Dei hadde bytt odelsgods ikring 60 år tidlegare så at Tarjei skulle ha halve S.Rygnestad og noko åker og eng. Olav fekk to partar i Brottetveit.
Kjetil døydde ikring 1636. Det året står der i lensrekneskapane at Kjetil er død og godset skifta mellom arvingane. Delinga av arven kan kanskje tyda på at hanvar gift to gonger. Birgit må då ha vore av første ekteskapet.
|
|
English translation
Kjetil Eivindson Aslestad came to Bilstad in 1583 after a trade of real estate with Halvor Herjusson. He himself was from Bilstad 1 and perhaps brother-in-law to Halvor. Kjetil is named lensmann [sheriff] in Fyresdal in 1593 and 1594 and was used a great deal as a lagrettemann [juror]. Already in 1603 he had land in Bilstad, Kolkjøn, Bondal, Grimdalen, Fjalestad, Lauvvik, Seltveit and Dall. He paid over 4 rd in taxes for these 14½ tn 8 Mk. In 1611 he had only Bilstad, Fjalestad, Dall and Lauvvik, 6 tn 5 mK. The 1624 allodial land book shows 3 tnK at Bilstad, 3 tnK at N.Bondal, 1 tn 2 mK at Lauvvik and 4 mK at Dall; all was allodial. Kjetil's wife was perhaps from Rygnestad in Valle. Their son, Eivind, was written of in a 1649 document together with Folke, Knut, Olav and Gunnar Olavson of Brottetveit about their «foreldre» [fathers] Tarjei Rygnestad and Olav Brottetveit. They had traded allodial property about 60 years earlier so that Tarjei would have half of S.Rygnestad and some field and pasture. Olav received two parts of Brottetveit.
Kjetil died around 1636. That year it says in the lensrekneskapane [sheriff's account] that Kjetil is dead and his property divided between the heirs. The division of the inheritance may perhaps suggest that he was married two times. Birgit must have been from the first marriage.
|
|
| Born:
|
| a. |
Eivind |
1596-Sk.1669 |
Bilstad 4 [Gm Gunvor see Fyresdal Sitje 2b] |
| b. |
Bjørn |
|
Bilstad 5 |
| c. |
Såvi |
1614-Sk.1683 |
N.Bilstad 1 |
| d. |
?Knut |
|
Kolkjøn 4 |
| e. |
Birgit |
|
Gm Torbjørn Kjetilson Vistad 4 |
| f. |
?Åsta |
|
Øverland i Seljord |
|