1. 2. |
Alv
N. 1609-1637 Guro
N. 1638-1660 |
Alv var truleg son av Vetle Storåsli og bruka samstundes Åmli og seinare Skafså 3.
I 1615 åtte Alv ein fjerdedel av garden som var arv med kona. Resten hadde Ånund Momrak, Halvor Songedal og Ånund Hærstad. Kona hadde og arva jord i Tortveit, Hærstad, Songedal og Opsund. Frå ikring 1623 budde han på N.Tveiten. Han var stor jordeigar og åtte i 1624 odel i Tveiten (1½ tn 1 mK), Lauvvik (1 tnk), Opsund (4½ mK) og pant i Skræi (1 tnK) og Åsen i Seljord (2 tnK). Seinare fekk han og 1½ tnK i Bringsverd og 4½ mK i Berdal. Såleis var her nær 9 tnK jordegods på det meste. Ikring 1627 vart Alv drepen av Rolv Døli, men er nemnd på garden heilt til 1637. Då hadde det vore skifte og kona Guro arva 4 tnK og sat som brukar i mange år. Ho hadde jord i Tveiten og Lauvvik. Nokre år åtte ho 2 tnK i Midtgarden Byrte og frå 1648 til 1651 budde ho på Berdal i Vinje hos sonen Knut.
Guro var dotter til Gro Gunleiksdtr som skifta på Hærstad i Fyresdal 1669. Dottera Asgjerd arva då ½ tnK i Hærstad.
|
|
English translation
Alv was probably a son of Vetle Storåsli and used simultaneously Åmli and later Skafså 3.
In 1615 Alv had one-fourth of the farm which was inheritance with his wife. Ånund Momrak, Halvor Songedal and Ånund Hærstad owned the rest. His wife had also inherited land at Tortveit, Hærstad, Songedal and Opsund. From about 1623 he lived at N.Tveiten. He was a large landowner and had in 1624 allodial property at Tveiten (1½ tn 1 mK), Lauvvik (1 tnk), Opsund (4½ mK) and mortgages on Skræi (1 tnK) and Åsen in Seljord (2 tnK). Later he also received 1½ tnK at Bringsverd and 4½ mK at Berdal. Thus there was close to 9 tnK land property at the most. Around 1627 Alv was killed by Rolv Døli, but he is mentioned at the farm all the way until 1637. Then there had been a probate and his wife Guro inherited 4 tnK and stayed as user for many years. She had land at Tveiten and Lauvvik. For several years she had 2 tnK at Midtgarden Byrte and from 1648 until 1651 she lived at Berdal in Vinje at her son Knut's house.
Guro was the daughter of Gro Gunleiksdtr whose probate was held at Hærstad in Fyresdal in 1669. Her daughter Asgjerd inherited ½ tnK at Hærstad then.
|
|