MO BYGDEBOK
Steinar Marvik:

Gard og ætt

FØREORD


 


FØREORD

Tanken om å få til ei bygdebok for Mo er over eit halvt hundre år gamal. Vanskar med økonomien gjorde at det stendig vart utsett. Det skorta nok og ein god del på syn og sans for verdet av eit slikt bokverk hjå dei fleste. Det galdt fyrst og fremst å livberge seg, og då var andre saker mykje viktigare.

Det hindra likevel ikkje at ein og annan pusla litt med det me kallar lokalhistorie, soga om eigne ætter, om storhende og dugande og merkelege kvinner og menn i nærmiljøet.

I 1947 fekk kommunestyret oppmodig frå Landslaget for By- og Bygdehistorie om å velje ei arbeidsnemnd for lokalhistorisk arbeid, og desse vart då valde: Olav O. Bergland, formann, Mikkel Aamlid, Aasmund Tveito og Bjarne Larsen.

Ein kjenner ikkje til om det kom i gang målmedvite organisert arbeid for å samle tilfang til bygdebok. Heilt privat hadde formannen skrive ein god del, og i 950 vart det nyval på ei bygdeboknemnd: Olav O. Bergland, form., Aasmund Tveito, Olav Grimdalen og Gunnar Nordskog. Ei tid seinare vart Bergland og Tveito pensjonistar og bad seg fri, og Olav Jore, Rasmus Felland og Olav G. Nystad innvalde. Då Olav Jore døydde, kom Arne O. Lie inn i staden. Ånund Gøytil var og med ei stund. Då Gøytil bad seg fri og Nystad fall bort, vart Dagfinn Midtbø og Olav T. Vistad valde i deira stad.

I 1988 er desse med i Mo Bygdebok-nemnd: Olav Grimdalen, form., Rasmus Felland, Arne O. Lie, Dagfinn Midtbø og Olav T. Vistad.

I fleire år søkte ein etter ein bygdebokskrivar utan at det lukkast å finne nokon. I 1976 lova Olav Bakken frå Langlim. Bakken bad seg fri for arbeidet med å ta avskrifter i Riks- og Statsarkivet. Norsk lokalhistorisk Instituitt hjelpte til med mange turvande arkivavskrifter. Det tok fleire år. I alt fekk ein 54 mindre ringpermar med avskrifter.

I 1976 fekk ein manuset frå Olav Bakken. Det vart straks kopiert og sendt til alle krinsar i Mo gamle kommune til gjennomsyn. Ein fann då ut at ættesoga var for snau. Ikkje berre einskilde ætter burde vera med, men alle ein hadde prov for hadde levt ei lenger tid i Mo herad burde koma med.

Styret søkte då kommunestyret om å koma i gang med gards- og ættesoga. Kulturstyret tilrådde søknaden. Pengar vart løyvt og oppdraget utlyst. Steinar Marvik, Hamar, vart tilsett frå 14 januar 1984. Ein viser til eige føreord frå han.

Styret for Mo Bygdebok vil få takke Dalen Fotoklubb for all hjelp med fotografi til bokverket.

Styret for Mo Bygdebok    

English translation

FOREWORD

Tanken om å få til ei bygdebok .... [to be translated later]

Styret for Mo Bygdebok    



FØREORD

Etter mange års arbeid med innsamling og førebuinger vart eg tilsett som skrivar av gards- og slektshistorie for Mo frå 15 januar 1984. Første tida gjekk med til å gå gjennom det ferdige materialet og å laga ein plan for arbeidet.

Etter ikring 4 månader vart det sett fram ein plan om ei samordna gards- og slektshistorie med alle dei innsamla opplysningane samla i teksta under kvar plass eller bruk. Eit mål var at alle menneske i Mo sokn fram til 1940 skulle vera med i boka. Valet av 1940 kom avdi det er grensa for kva som kan nyttast av opplysningar frå kyrkjebøker.

Tidsplanane vart sett til 3 år.

Under arbeidet vart det klart at ei målsetjing om alle menneske i Mo ikkje heilt kunne oppfyllast. Det vart difor sett grense ved folk med kortare opphald i bygda utan at det vart utført ei kyrkjeleg handling. Dette gjeld særleg Åmdals Verk. Sjølve arbeidet har gått stort sett etter tidsplanen, men stofftilfanget har vore så stort at boka må presenterast i to band, eit for kvart kyrkjesokn. Det burde kanskje og ha vore laga plan med meir tid. Særleg åra 1900 til 1940 har vore eit problem med lite offentleg kjeldetilfang ope for brukarar og ein stor kunnskap blant lesarane om denne tida. Feil og manglar vil alltid forekoma, men lesaren vil finna dei lettast i denne perioden. Eg vonar feila ikkje er for store.

Under arbeidet har det vore eit godt samarbeid med kultursekretæren Ole Jørgen Etholm og bygdeboknemnda. Nemnda har særleg vore til hjelp til å verta kjend med skrivemåtar for namn og annan lokalkunnskap. Eg takkar så mykje for det. Under siste del av arbeidet har bygdefolket kome inn med rettingar og eg takkar og alle for dei. Alle rettingane har ikkje kome med, dels avdi dei har kome utanom ramma for boka, dels avdi dei bryt med oppsettet og eit sprengt sidetal. Eg vonar, trass i dette, at alle kan finna noko av kva dei ventar seg.

Hamar, mai 1987

Etter ein lengre periode med biletinnsamling og korrektur, vonar eg nå at boka er klart til prenting. Det har vore store vanskar med å få bilete av god kvalitet og best mogeleg geografisk spreiing. Det har difor vorte ei avgrensa bruk av bilete.

Hamar 1989
Steinar Marvik

English translation

FOREWORD

Etter mange års arbeid med .... [to be translated later]

Hamar 1989
Steinar Marvik



[MO INDEX]   [GENEALOGY HOME PAGE]