KVITESEID BYGDESOGE
Volume I - Ættesoga

KVÅLE



    Torjus Knutsson og Turid Aanundsdotter gifte seg i Seljord 1816. Leiting etter kvar dei er fødde hev ikkje ført til noko. Dei hadde ein son Knut, fødd i Seljord 1818. Faren er truleg død litt etter. Knut kom til Brunkeberg, var lærar i Dalane 11 år og budde på Kvåle u: Tveit. Turid var med han der og kyrkjeboki upplyser at ho var gift att tvo gongur med dei budde på Kvåle. Knut var gift med Margit Vigleiksdotter Sandland. Dei kom til Svanajord og der døde Turid og Margit. I 1884 reiser han etter borni sine til U.S.A. Både Knut og borni var lærehuga folk og mange av etterkomarane hev gjenge skulevegen. Dei gløymde ikkje heimbygdi og Knut sende heim eir legat til hjelp for dei som trong det i Brunkeberg sokn.



I.   Knut.
1.   Torjus d. 1819? ~ 1816 Turid Aanundsdotter f. 1781 d. Svanajord 1864. Ho ~ II 1826 Em. Auver Eilevsson Kvåle (Finne 13). III 1834 Harald Eivindsson frå Aamotsdal f. 1795 d. Kvåle 1837.
II.   Torjus Knutsson og Turid Aanundsdotter. Ein son f. i Seljord.
2.   Knut f. 1818 d. U.S.A. 1898 ~ 1840 Margit Vigleiksdotter (Sandland 53) f. 1807 d. Svanajord 1882.
III.   Knut Torjusson Svanajord og Margit Vigleiksdotter. 8 born, 5 døde. 3-4 f. Kvåle 5 f. Tveit.
3.   Turid f. 1840 d. U.S.A. 1913 ~ 1869 Olav Aslaksson f. Bøle i Seljord 1846 d. U.S.A. 1937. - Til U.S.A. 1869.
4.   Torjus f. 1842 d. U.S.A. 1921 ~ 1871 Torbjørg Olavsdotter (Skarprud 79) f. 1845 d. U.S.A. 1937.
5.   Knut f. 1846 d. U.S.A. 1918. - Knut reiste til U.S.A. 1868 - «for at opholde sig der en kort Tid.» Var farmar. Seinste 10 åri budde han med skyldfolki sine i Murray Counti, Minn. Han hadde gjenge seminaret og heldt skule for borni av Turid hardveten 1880-81.
IV.   Turid Knutsdotter og Olav Aslaksson (Ole Aleckson) 6 born, 2 døde. B:Murray Counti, Minn.
6.   Aslak f. 1870 d. 1937. Farmar.
7.   Mary f. 1871. ~ 1898 B. F. Lindsey, farmar, d. 1929. 6 born.
8.   Anne f. 1874 ~ 1907 Georg Mumby, død 1947. 4 born.
9.   Lena f. 1883 ~ 1921 James Larson, teiknar, målar. 2 born. - Mary, Anne og Lena fekk god upplæring og heldt skule til dei gifte seg. Og det var Mary Lindsey, 82 år, som i 1953 sende upplysningar om folki sine. I 1946 sende ho $ 100 til Brunkeberg sokn til det legatet som bestefaren, Knut Svanajord, hadde gjeve.
V.   Torjus Knutsson Svanajord og Torbjørg Olavsdotter. 8 born. 4 d. små. 10-12 f. Svanajord 13 f. U.S.A.
10.   Ingeborg f. 1876 ~ 1901 John Eng, d. 1939. 4 born.
11.   Knut f. 1879 ~ 1910 Bessie Snyder, lærar. 2 born.
12.   Olav f. 1882. Sakførar i Slayton.
13.   Martin f. 1884 d. 1911.
- Torjus og Torbjørg m/ 3 born til U.S.A. 1883.
- Alle i denni ætti skriv seg Swanjord i U.S.A.



[KVITESEID INDEX]   [GENEALOGY HOME PAGE]