KVITESEID BYGDESOGE
Volume I - Ættesoga

BYGGLAND



    Tormod heiter mannen på Byggland i slutten av 1500 talet. Det er skifte etter han i 1645. 4 born, 3 sønir og 1 dotter erver: Torvild, Sigbjørn, Tarjei og Tone. Namni kan minne om skyldskap med Kleiv, Sigbjørn, den næsteldste f. 1604 fekk garden og reider ut skattar i åri 1645-1664. Sea er det kan hende ein brorson, Gunnar Torvildsson som hev det ei tid. So glid dessi folki ut. På denne tid i 1660

    -1670 åri ser det ut som garden kan vera bytt. Det var fullgard på vel 4 tn., nå skifter det på med eigarar, med 2 tn. kvar. Det fær ein høyre om i gardssogo.

    I 1750-1760 åri flyt Taralds-ætti frå Homme inn på Uppigard og ein Aasmund på nigard Byggland. Det er ætti etter Aasmund og Gyri me skal sjå på her. Dei kom so stilt og kvarv før ein vardest.

English translation

    Tormod is the name of the man at Byggland at the end of the 1500's. There is a probate after he dies in 1645. 4 children, 3 sons and 1 daughter heirs: Torvild, Sigbjørn, Tarjei and Tone. The names might remind one of a family relationship with Kleiv, Sigbjørn, the second oldest, born 1604, got the farm and is paying out taxes in the years 1645-1664. Therefore, it might be a nephew, Gunnar Torvildsson, who had it one time. Then these folks moved out. It was 1660 at this time.

    In the 1670's, it seems that the farm may have been exchanged or traded. It was a complete farm of at least 4 tn., now it is changing owners, at 2 tn. each. It gets a mention in the gardssoga.

    In the years 1750-1760 Tarald's family moved from Homme to Uppigard and an Aasmund to a new farm Byggland. It is the family after Aasmund and Gyri died that we shall look at here. They came so quietly and disappeared before you knew it.



I.   Jon.
1.   Aasmund f. 1684 d. Byggland 1769 - Gyri Sveinsdotter f. 1689 d. Byggland 1761. - Båe ukjende.
II.   Aasmund Jonsson Byggland og Gyri (Juri) Sveinsdotter. 2 born.
2.   Jon f. 1725 d. Byggland 1804 ~ 1761 Birgit Halvorsdotter (Berge 56) f. 1723 d. Byggland 1792.
3.   Anne f. 1733. Er på Byggland 1769.
III.   Jon Aasmundsson Byggland og Birgit Halvorsdotter. 4 born f. Byggland.
4.   Aasmund f. 1762 d. Solheim 1846 ~ 1807 Tone Gunnarsdotter (Gjelstad 50) f. 1781 d. Solheim 1835.
5.   Halvor f. 1763 d. Byggland 1799. Ug.
6.   Tone f. 1767 ~ 1797 Torjus Halvorsson (Homme 11).
7.   Talleiv f. 1770 d. Byggland 1834. Inderst.
IV.   Aasmund Jonsson Solheim og Tone Gunnarsdotter. 2 born f. Solheim u: Donstad.
8.   Halvor f. 1807 d. Gjersund 1881, Var «rar». - Eg æ kje galen, men eg æ ein stakkar, sa han.
9.   Gunnar f. 1811 d. Solheim 1860 ~ 1849 Aslaug Knutsdotter (Villum 18) f. 1822 d. Solheim 1854.
V.   Gunnar Aasmundsson Solheim og Aslaug Knutsdotter. 2 born f. Solheim, 1 død.
10.   Aasmund f. 1850 d. U.S.A. ~ 1880 Hæge Talleivsdotter (Kleiv 135) f. 1857 d. U.S.A.
VI.   Aasmund Gunnarsson/Løkslid og Hæge Talleivsdotter. 2 born f. Løkslid.
11.   Talleiv f. 1881.
12.   Aslaug f. 1882.
-Aasmund og Hæge m/ 2 born til U.S.A. 1883. Frå Løkslid.



[KVITESEID INDEX]   [GENEALOGY HOME PAGE]